Granlia, St.hanshaugvegen og Ole Bulls veg skal denne veka få ny asfalt (ill.foto: KVB)

Stenger fleire kommunale vegar

Os kommune er i gang med å asfaltera fleire av dei kommunale vegane. Denne veka blir tre vegar stengd i periodar.

image
image
image
Av: Andris Hamre

Kommunestyret satte i samband med budsjettet for 2018 av ein god slump pengar til asfaltering av kommunale vegar.

Denne veka er det tre nye vegar som skal få nytt toppdekke.

Granlia: Blir stengd ved nummer 10 onsdag 4. juli frå 07 til 15.
– Køyr ut bilar dagen før. ikkje parker i eller ved vegen. Følg skilting på staden for informasjon, heiter det i meldinga frå kommunen.

St.hanshaugvegen: Blir stengd ved nr 7 torsdag 5. juli frå klokka 07 til 15.
– Køyr ut bilar dagen før. ikkje parker i eller ved vegen. Følg skilting på staden for informasjon, heiter det i meldinga frå kommunen.

Ole Bulls veg: Blir stengd torsdag 5. juli frå klokka 12 til fredag 6. juli klokka 15.
– Køyr om Lyseklostervegen. Følg skilting på staden for informasjon, heiter det i meldinga frå kommunen.

For alle vegane gjeld det at om det blir dårleg vêr eller andre uventa vanskar, så kan arbeidet bli forlenga. Utrykkingskøyretøy vil kunne passera.

Fleire saker