Denne delen av gangvegen til Svegane får nytt dekke og rekkverk, og blir stengt ut juni. (Foto: SVV)

Stenger gangveg til Svegane

Skal bygga mur og rekkverk mellom Ulvenvegen og Svegane.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Gangvegen mellom fv 160 Ulvenvegen og bustadområdet på Svegane blir stengt frå onsdag morgon 5. juni.

Årsaka er at gangvegen skal opparbeidast med mur, rekkverk, grøntanlegg og asfaltdekke, opplyser Statens vegvesen.

Os kommune og Kuventræ barneskule er informert.

– Vi minner om at all kryssing av Ulvenvegen, av fotgjengarar og syklistar, skal skje via undergangen lengst vest på nye Ulvenvegen, ved Kolskogheiane.

Arbeidet med gangvegen til Svegane skal halda fram til månadsskiftet juni-juli.

Fleire saker