Lokal | 22. okt. 2018

Stenger Hellebakkane i to dagar

Frå tysdag morgon må delar av gata vera fri for bilar.

Stenger Hellebakkane i to dagar
Os kommune har markert stengt område i kart.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. okt. 2018 13:35

Os kommune varslar stenging av Hellebakkane frå kryss ved husnummer 78 og inn mot Fiskarhaugane.

Stenginga gjeld tysdag og onsdag 23. og 24. oktober, frå klokka 7.30 om morgonen til 17.00.

– Køyr bilane ut av gata før 7.30 om morgonen, er kommunen si oppmoding.

Det skal ikkje stå bilar parkert i eller langs vegen i perioden.

– Gåande kan passera fritt, understreker kommunen.

Årsaka til stenginga er asfaltering. Om vêret blir dårleg kan perioden med stenging bli utvida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.