Stenger i protest
Private barnehagar protesterer på forslag frå regjeringa, og stenger dørene klokka 12 førstkomande tysdag.


Regjeringa vil fjerna paragraf 14, som omhandlar lik handsaming av offentlege og private barnehagar. I nytt lovforslag vil dei dessutan fjerna øyremerka statleg driftstilskot, og overlata finansieringa til kommunane.
Lovforslaget skal handsamast i stortinget 2. juni.
- Vanskeleg å driva
Private Barnehagers Landsforbund (PBL), som representerer over 2000 barnehagar, protesterer. Tysdag aksjonerer private barnehagar i Os og resten av landet, og stenger dørene klokka 12.00.
- Går dette gjennom blir det vanskeleg å driva privat barnehage, seier dagleg leiar i Kulr Barnehager, Synnøve Årseth.
Kulur eig blant anna den private barnehagen i Kuvågen, som er blant dei som aksjonerer tysdag.
- Vi har allereie mindre enn dei offentlege. Går lovforslaget gjennom risikerer vi å få endå mindre, i tillegg til at det blir vanskelegare å budsjettera.
Store beløp for små kommunar
For kvar hundrelapp offentlege barnehagar får i støtte, får privat 85 kroner. Dette utgjer i snitt ein forskjell på 2000 kroner per månad per unge.
- Det er med andre ord store beløp kommunane skal handtera.
- Andre vesentlege endringar i lovforslaget er at kommunane skal etter skjønnsvurdering bestemma kor mykje kvar barnehage skal få. Og klageinstans er ikkje lenger Fylkesmannen, men kommunen, fortvilar Årseth.
Arild M. Olsen, administrerande direktør i PBL, er uroa for kva som vil skje med dei private barnehagane om kommunane skal fordela pengane.
- Stortinget og regjeringa veit kva som er situasjonen. Dei sender ein underfinansiert sektor til kommunane, som allereie har fleire underfinansierte sektorar som dei ikkje klarar å ta seg av, for eksempel skule og eldreomsorg. Det er dei minste ungane som blir råka av dette, seier han til bt.no.
Les meir om saka på barnehage.no