Stenger kulturskulen
Arbeidstilsynet stenger kulturskulen i Oseana frå førstkomande måndag.
Arbeidstilsynet fatta i juli det endelege vedtaket om at dei ikkje godtar undervisningsromma til kulturskulen utan dagslys og utsyn. Lokala ligg i førsteetasje i Oseana kunst- og kultursenter.
Torsdag ettermiddag fekk Midtsiden nyss i at tilsynet no har fatta stengingsvedtak og at dette gjeld frå måndag 17. september.
- Det stemmer, stafestar kultursjef Lisbeth Axelsen torsdag ettermiddag.
- Vi fekk meldinga på bordet litt før klokka 15 i dag og har nettopp informert dei tilsette om Arbeidstilsynet sitt vedtak.
- No må vi bruka morgondagen til å sjå på timeplanane og korleis vi skal løysa undervisninga for elevane, fortel Axelsen.
Rundt 500 elevar berørt
Eit alternativ er å bruka eit par rom på Varafjell, ifølgje Axelsen. Men kven som skal bruka desse er ikkje klart.
- Elevane vil få beskjed når kabalen er lagt.
Os kulturskule har 16 tilsette. Totalt er det rundt 500 elevar som blir berørte av Arbeidstilsynet sitt vedtak.