Lokal | 25. feb. 2010

Stenger Oshallen

Torsdag kveld blei det bestemt at Oshallen skal stengast fram til snøen på taket har blitt moka vekk.

Stenger Oshallen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2010 20:35

Grunna store snømengder på taket blir Oshallen stengt. Det bestemte styret i Osbadet, som driftar hallen, i møte torsdag kveld.

- Vi vil ikkje ta sjansar, derfor stenger vi hallen fram til taket har blitt rydda for snø, seier styreformann i Osbadet, Tor Inge Døsen.

- Men Osbadet er ope som vanleg, presiserar han.

- Er det oppdaga symptom på at det er for mykje snø på taket?

- Ja, vi ser enkelte stadar at taket er pressa litt ned, men snøen har førebels ikkje gjort noko skade.

Handballkampar i fare
Fredag blir det ingen aktivitet i Oshallen. Laurdag skal både handballherrane og damelaget etter planen ha heimekampar.

- Vi jobbar med å få tak i nok personar til at vi klarar å rydda taket i løpet av fredagen. Det er eit stort tak, men vi håpar å bli ferdig tidsnok til at handballen slepp å avlysa seniorkampane, seier Døsen.

Snøryddinga skal utførast delvis på dugnad av medlemmar i Os Turn.

- Tryggleik er viktigast, derfor må vi ha kompetente arbeidsleiarar på taket. I tillegg kan det bli ei utfordring å få tak i nok sikringsutstyr.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.