Lokal | 04. sep. 2017
Stenger Strønebrua i korte periodar
Tysdag kveld og natt til onsdag blir det arbeid på og ved Strønebrua.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. sep. 2017 10:16
Frå tysdag 5. september klokka 18 blir Strønebrua stengt i 20 minutt om gangen, på kveldstid og gjennom natta.
Det skal skiftast lysarmatur på brua, og eit stykke opp på land på begge sider.
Arbeidet vil pågå frå klokka 18 til 5.30 neste dag.
Retting: Midtsiden fekk først opplyst at arbeidet skulle gå over tre kveldar, men BKK reknar med å bli ferdig på éi natt.
Politi, vegtrafikksentralen og Skyss er varsla. Utrykningskøyretøy kan passera i anleggsperioden.
Det blir manuell dirigering på staden.