I ei pressemelding opplyser Os kommune at FV160 Ulvenvegen blir stengt ved Irgenskrysset måndag 2. oktober klokka 22.00. Stenginga vil vare til tysdag morgon klokka 06.00.
– Vegen vert stengt rett nord for Irgenskrysset. Omkøyring om E39 Halhjemsvegen, skriv Siril Langhelle i meldinga.
Skal legga vassledning
Grunnen til stenginga er at Os kommune skal koble til ny vassleidning i vegen.
Arbeida vil ikkje medføre stopp i vassforsyninga, men det kan bli driftsforstyrrelser i form av misfarga vatn og/eller trykkendringar til Sørstrøno, Askvik, Hagavik, Nore Neset, Lepsøy og Søre Øyane.