Lokal | 13. juni 2019

Stenger to vegar

Eidsvegen er stengt i dag, fv 160 Ulvenvegen stenger eit samanhengande døgn frå fredag kveld.

Stenger to vegar
Eidsvegen er stengt for gjennomkøyring fram til klokka 16 i dag, Ulvenvegen blir stengt fredag kveld, med midlertidig tilkomst til Spar og resten av næringsområdet frå nord. (Kart: Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. juni 2019 08:48

Eidsvegen er stengt i dag, torsdag, frå 06.30 i dag tidleg og fram til klokka 16.00.

Årsaka er asfaltering, utrykningskøyretøy vil sleppa gjennom, opplyser Os kommune.

Stenger Ulvenvegen ved Kloppamyra

I morgon fredag, klokka 22 på kvelden, blir Ulvenvegen stengt ved næringsområdet Kloppamyra. Omkøyring er via Halhjemsvegen.

100 meter av fylkesvegen blir stengt fram til laurdag kveld klokka 22. Årsaka er at Os kommune skal heva vegen ved krysset inn til Kloppamyra.

Tilkomst til Spar-butikken med bil blir utelukkande frå nord, via midlertidig ved.

«FV160 Ulvenvegen v/Kloppamyra vert stengt fredag 14. juni kl. 22:00, til laurdag 15. juni kl. 22:00.

Får gangfelt

I fjor gjorde Statens vegvesen nye trafikkteljingar på Ulvenvegen.

I juli konkluderte dei med at det skal koma gangfelt ved Kloppamyra, der det allereie er lagt til rette for dette.

– Vegen blir no heva for å betra sikta, og gangfelt og fartshumpar kjem etter at vegen er heva, opplyser Siril Langhelle i Os kommue.

Uvisse om vikeplikt

Midtsiden har den siste tida fått spørsmål om kva vikepliktreglar som gjeld i krysset, då enkelte har inntrykk av at det er uvisse kring dette.

I andre enden av Ulvensletta, i krysset mellom Lyseklostervegen og Ulvenvegen ved Ulven leir, er det skilta vikeplikt. Det er det ikkje ut frå Kloppamyra.

Os kommune kan ikkje svara, men viser oss vidare til vegvesenet med dette spørsmålet. Vi kjem tilbake når vi har svar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.