Vegen over Søvikåsen vert stengt klokka 22.00 i kveld. (Arkivfoto: KVB)

Stenger vegen over Søvikåsen klokka 22.00 i kveld

Det er venta mykje nedbør natt til tysdag og fram til natt til onsdag. 

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Os kommune melder at grunna varsel om mykje nedbør og fare for ras vil vegen over Søvikåsen vil verta stengt frå klokka 22.00 måndag kveld.

Kommunen vil vurdera situasjonen fortløpande, og opningstidspunkt vil verta kunngjort seinare.

Meteorologisk institutt har sete flomfare og jordskredfare til gult nivå mellom midnatt måndag kveld og eit døgn fram.

Det er venta 70-110 mm nedbør på 24 timar utsette stadar i Hordaland og i Sogn og Fjordane   

Fleire saker