Stenging og asfaltering
Måndag blir Midtbøvegen stengt. Seinare skal desse kommunale vegane i Os asfalterast.
Måndag 12. mai, frå klokka 8 til 15, blir Midtbøvegen stengt grunna vegarbeid.
Tilsvarande varsel har vore sendt ut tidlegare, men då blei arbeidet utsett.
– Ved dårleg vêr kan også det planlagte arbeidet måndag bli utsett, fortel Terje Myking frå teknisk drift i Os kommune.
Det blir i stengingsperioden omkjøring for personbilar i tråd med skissa over.
Fleire vegar får ny asfalt
Os kommune vil, i tillegg til arbeidet på Midtbøvegen, få utført asfaltering av fleire kommunale vegar.
Desse står på lista over vegane med førsteprioritet:
Industrivegen, arm forbi Os Byggsenter/XL Bygg inn til Skyss.
Kuvenbakken ved Holtbrekka.
Nedre Askvik frå FV 160 ned til husnr 32 A.
Hamnevegen ut til moloen.
Som andreprioritet står Nilsavegen ved Reset på lista, men som andreprioritet.