Stenginga av Ulvenvegen er utsett
E39 Svegatjørn-Rådal: I dag skulle fv 160 Ulvenvegen blitt stengt, men busslomma i Kolskogheiane er ikkje ferdig.
Bildeserie:
Bygginga av E39 Svegatjørn - Rådal er i gang, og eit av dei første trinna i Os er stenging av Ulvenvegen og nedtapping av Svegatjørn.
Følg med på prosjektet, sjå Midtsiden samleside E39 Svegatjørn - Rådal
I dag skulle fylkesvegen blitt stengt, men stenginga er utsett.
– Vi kjem tilbake til datoen for stenging, men det ligg an til å bli i veke 49, seier byggeleiar Kari Bremnes frå Statens vegvesen.
– Dette er fire veker seinare enn planlagt, betyr det at det blir forseinkingar i prosjektet?
– Nei. Vi ser ikkje på dette som forseinking. Det er eit stort prosjekt som skal gå over mange år, og som blir delt i mange små delprosjekt. Enkelte av desse småprosjekta vil bli bli skubba fram og tilbake i tid, og sjølv om stenging av Ulvenvegene vil løysa ut mykje jobb for Veidekke er ikkje denne utsetjinga noko problem.
Ny busslomme og nytt kryss
Årsaka til utsetjinga er at bygging av ei ny busslomme i den kommunale vegen Kolskogheiane tar lengre tid enn venta.
– Denne er ein del av tiltakspakken som Os kommune fekk. Det handlar om trafikktryggleik og busslomma må på plass før vi kan stenga fylkesvegen.
Bygging av busslomma har tatt ekstra med tid då nokre leidningar ikkje låg plassert som venta, og må flyttast.
Det skal òg lagast ei ny mellombels kryssløysing mellom Ulvenvegen og Kolskogheiane, heller ikkje denne er klar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.