Lokal | 27. apr. 2016

Stengjer tursti

E39 Svegatjørn-Rådal: Vegvesenet stengjer populær tursti langs Ulvenvatnet frå 2. mai.

Stengjer tursti
Turstien frå Kuventræ, under Ulvenbrua, til yrkeskulen blir stengd frå måndag 2. mai (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 27. apr. 2016 12:12

Måndag 2. mai legg Statens Vegvesen om trafikken mellom Halhjem og Ulvenskiftet slik at all nordgåande trafikk må køyre om Os sentrum.

For å ivareta tryggleiken til skulebarn vurderar vegvesenet vakthold og fartshumpar i Mobergsbakken etter eit møte med FAU tidlegare denne veka.

I eit informasjonsskriv orienterer Statens Vegvesen at dei i tillegg til å omdirigera trafikken også stengjer den populære turstien langs Ulvenvatnet frå gravplassen på Kuventræ til yrkesskulen.

– Anleggsarbeidet omfattar bygging av ei djup grøft til framføring av ulike vassleidningar og kommunalt VA-anlegg mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet. Det blir graving og sprenging i eine køyrebana på E39.

– Arbeidet fører også til at ein tursti langs nordsida av Ulvenvatnet blir stengt nokre veker frå mandag 2. mai, heiter det i orienteringa frå vegvesenet som samstundes oppmodar trafikantane å respektera fartsgrensa på 50 km/t forbi anleggsområdet på E39.

Reknar med kø

Vegvesenet reknar med at omlegginga av E39 vil føra til kø både for nordgåande trafikk gjennom Os sentrum og for dei som skal køyre sørover forbi anleggsområdet. Her må ein òg rekna med ventetid på kring 10 minutt i samband med sprenging.

– Gjennomgangs-trafikantane på fylkesvegen om Osøyro bør vera budd på at turen vil ta noko lengre tid enn vanleg dei månadane vegarbeidet pågår.

Omkøyringa vil etter planen vara i omlag fire månader frå 2. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.