Næringsliv | 06. aug. 2019

Stengt dør hos Borg Vêr

– Eg leverte oppbod i går, fortel ei trist Jeanett Borgen Kallekleiv.

Stengt dør hos Borg Vêr
Klokka 11 i dag gjekk porten ned. Kva som skjer vidare veit ikkje Jeanett før ho i morgon har hatt møte med bustyrar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. aug. 2019 12:31

Motebutikken Borg Vêr, som blei starta i 2016, hadde sin siste opningstime frå klokka 10 til 11 i dag.

– Eg leverte papira i går, med beskjed om å halda ope vidare. Men fekk i dag melding om at eg måtte stenga av, seier eigar Jeanett Borgen Kallekleiv.

Kva som skjer vidare er ho usikker på.

– Eg veit meir etter møte med bustyrar onsdag.

Omsetnaden gjekk ned, utgiftene auka

Interessa var stor både før, under og etter opning av motebutikken Borg Vêr i Os sentrum i oktober 2016.

Den 23 år unge, men erfarne tekstilseljaren arrangerte vandrande moteshow gjennom sentrum, på Borgafjellet og over Knutabruo.

Men då huseigar selte lokalet i Midtpunkt-kvartalet, blei det hausten i fjor flytting til Amfisenteret.

– Det var hyggeleg å koma på senteret, å vera del av noko større, på ein stad med felles opningstider.

– Men firmaet mitt var kanskje ikkje stabilt og sterkt nok til å ta på seg dei auka utgiftene med lengre opningstid og fleire tilsette.

Dessutan gjekk omsetnaden ned, ikkje opp, slik Jeanett hadde håpa.

– Ein vanskeleg alder?

– Vi hadde opp- og nedturar i sentrum òg, men det siste året har omsetnaden vore lågare kvar månad i forhold til året i forvegen. Eg veit ikkje kvifor, men det kan vera tøft å vera 2-3 år gamal i forhold til all merksemda du gjerne får når du er ny.

– Eg vil uansett ikkje skulda på andre enn meg sjølv. Kanskje eg ikkje har funne nisja mi, kanskje eg har prøvd å satsa for breitt, å tilfredsstilla for mange av dei som har kommentert kva dei meiner vi kan gjera betre.

– Uansett vil eg takka alle som har hjelpt meg, alle dei flinke som har jobba hos meg, dei som har handla her og alle som har heia på Borg Vêr.

– Eg har hatt nesten tre veldig kjekke år som butikkdrivar, og eg tar dette veldig tungt.

I ein tekst ho har førebudd å publisera i sosiale media skriv ho blant anna; «Det er ganske vilt. At det er over! Det er ganske trist, at jeg ikke fikk til det jeg ønsket, og at jeg ikke nådde målet jeg hadde satt meg. Det er smertefullt i sjelo mi, å måtte gi opp (...) Det er ingen andre sin feil enn min. Det er ikkje høg husleige eller osingane som ikkje har handla nok, det er eg som har bomma, det er eg som har tatt inn for mange varer som eg ikkje har klart å tena pengar på.»

Samtidig skin det muntre og offensive gjennom, både i starten og slutten;

«Det har vert ekstremt lærerikt, sinnsykt slitsomt, men mest av alt skikkelig GØY, å starte min helt egen klesbutikk. Jeg er stolt over at jeg gønna på å gjorde det, starta for meg selv, som bare 23 år ung (...) Etterhvert skal jeg jakte på nytt eventyr, og jeg gleder meg til nye utfordringer».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.