Næringsliv | 17. jan. 2011

Stengt etter kjede-konkurs

43 Wagner-butikkar blei steng torsdag. Dei tilsette fekk beskjed per epost same dag.

Stengt etter kjede-konkurs
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. jan. 2011 09:52

- Dette kom brått. Vi har ikkje fått nokre signal på at det gjekk denne vegen, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal i AMFI Os.

Torsdag i 14-tida fekk dei tilsette ved alle dei 43 Wagner-butikkane epost med følgjande melding:

«En betydelig andel av butikkene har slitt med synkende lønnsomhet, og styret ser ikke lenger at det er muligheter for å redde selskapet fra konkurs». Dette ifølgje E24.no.

Dei tilsette fekk vidare beskjed om å melda seg hos Nav for å få lønna dei skulle hatt 15. januar.

Butikken i AMFI Os skal ha auka omsetnaden kvart år.

11 millionar i minus
Wagner Norge AS auka omsetnaden frå 114 millionar i 2007 til 177 millionar kroner i 2009.

Men alle dei tre siste åra har selskapet hatt negativt resultat, frå 17 millionar i minus i 2007 til 11 og 10 millionar kroner i minus i 2008 og 2009.

I desember i fjor gjekk revisor av, måndag i førre veke sa dagleg leiar seg opp.

Kan opna igjen
Tøsdal fortel at ho ikkje har høyrt noko frå leiinga i Wagner Norge.

- Bustyrar overtar lokalet, og har rett til å sitja på dette i ein månad. Det skal ha vore snakk om at eit nytt selskap overtar og opnar nokre av butikkane igjen, vi får berre håpa at Os blir ein av dei.

Noko liknande blei sagt då Wistex-kjeden i mars 2009 gjekk konkurs. Butikken på Os opna igjen, men berre for ein kort periode. Sidan har lokalet stått tomt.

Attraktivt lokale
Wanger i AMFI Os flytta for nokre år sidan frå lokalet Diddy Toys no held til i. Etter ei stund utvida dei vidare til Wagner Savoy, som også inkluderer moteklede for damer.

Lokalet som no er stengt er på 310 kvaratmeter, mot 150 kvadratmeter som Wagner starta i.

- Nokre av interessentane vi har vore i kontakt med den siste tida har sett på dei ledige lokala våre som for små. Om Wagner sitt lokale blir ledig er eg optimist med tanke på å få inn ny leigetakar, seier Anne Kristine Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.