Lokal | 21. okt. 2009

Stengt grunna trugsmål

Søfteland skule har mottat trugslar. Torsdag og fredag er skulen stengt.

Stengt grunna trugsmål
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. okt. 2009 16:53

Bildeserie:

1 av 1

Tysdag kveld fekk Midtsiden.no eit anonymt tips om at leiinga ved Søfteland skule hadde kalla personalet inn til møte. I dag fekk føresette til elevar ved Søfteland skule informasjon om at skulen held stengt torsdag 22. oktober og fredag 23. oktober.

Årsak: Skulen har mottat trugsmål.

- Trugsmålet kom per brev. Vi veit ikkje kven som er avsendar, seier rektor Kåre Lutro til Midtsiden.no.

- Er det skulen eller personar på skulen som er truga i brevet?

- Det er sjølve skulen, seier Lutro, som ikkje vil fortelja kva det er truga med i brevet.

- Men det gjeld desse to dagane vi no skal halda stengt.

Brevet kom til skulen måndag, men blei ikkje opna før tysdag morgon. Både i går og i dag har skulen hatt ope som normalt.

- Politiet er kopla inn, og rådmann Knut Terje Rekve bestemte i dag at skulen skal halda stengt torsdag og fredag, fortel rektoren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.