Etter at både Halhjemsvegen og Hatvikvegen torsdag kveld var stengt grunna velta tre (opna igjen same kveld), stengte Os kommune Ole Bulls veg, mellom Ulven og Lysefjorden.
Vegen blei stengt av forebyggande årsak, klokka 21.30 gjekk bommane på begge sider ned, då uvêret «Aina» var på veg inn over Vestlandet.
• Ifølgje BKK har det ikkje vore straumbrot i Os i natt.
Tre over vegen i Langedalen
Fredag klokka 08.40 kom det melding om tre over vegen i Langedalen.
– Det var umogleg å passera med bil, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
– Teknisk eining i Os kommune rykte ut med det same, så det er mogleg at vegen er open igjen no, legg han til.
• Les òg: To ferjesamband er innstilte
Sambandet Hatvik-Venjaneset skal vera i normal drift frp 09.40.
– Ei roleg natt
Os brannvesen fortel om ei roleg natt, sett vekk frå bilbrannen ved Byvegen i 6.40-tida.
– Vi har ikkje hatt nokre oppdrag relatert til uvêret, seier brannsjef Stein Gjøsund.
• Kjenner du til skader frå uvêret «Aina»? tips@midtsiden.no
Lågare vassføring
Trass mykje nedbør torsdag er vassføringa i dag lågare.
Baronselvo, som renn gjennom og under Os sentrum, er nesten to trappetrinn lågare i dag enn i går, på Baronsplassen bak Bakketeig og Sælen.
Også NVE sin målar på Røykenes viser kraftig reduksjon i vassføringa.
Er det verste over?
Det var i 2-tida natt til fredag at «Aina» skulle herja som verst, med vindkast opp mot 35-40 m/s.
Yr.no melder at ekstremvêrvarselet er over, men at det framleis skal blåsa friskt langs kysten.
Vindstyrken er venta å halda seg på 10-12 m/s gjennom fredagen, med noko auka styrke i 18-20-tida fredag kveld.
Vinden skal halda seg over 10 m/s fram til laurdag rundt klokka 12.
Sol og vintervêr frå laurdag ettermiddag
Det er meldt kaldare og lettare vêr frå laurdag midt på dagen. Yr melder sol, Storm melder sludd/snø.
Søndag er det meldt 0 gradar og sol, i veka som kjem skal det bli kaldare, med fare for noko snø eller sludd midt i veka.