Simen Næss sette inn 0-3 på straffe. Lysekloster vann 1-4. (Arkivfoto: KVB)

Sterk bortesiger med 10 mann

Lysekloster auka leiinga etter utvising i 53. minutt borte mot Fjøra.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lysekloster spelte i ettermiddag borte mot Fjøra. Fjøra tok berre 3 poeng på dei 4 første kampane, og tapte også i dag.

– Vi har fått trent godt på å vera meir direkte i spelet vårt i siste tredelen av banen, og det lykkast vi med i periodar i dag, seier trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster leia 0-3 etter 25. minutt spel og auka til 0-4 seks minutt etter utvising i 53. minutt.

Utvisinga skal ha kome grunna stempling i legg av Even Hepsø Vetås, som fekk direkte raudt kort.

Fjøra - Lysekloster 1-4 (0-3)
Målskårarar, Lysekloster: Damian Kamil Garbacik (17.), Even Hepsø Vetås (20.), Simen August Næss (25. på straffe) og Joachim Sæle Westrheim (64. fem minutt etter at han blei bytta innpå).
Tropp og kampfakta på fotball.no

– Det er eit skår i gleda at vi slepp inn eitt mål, både baklengsmålet og utvisinga var unødvendig, vi hadde god kontroll.

– Men eg er nøgd med mykje i dag. Offensivt har vi løfta oss fleire hakk, i tillegg held vi fram med å skapa sjansar også etter at vi blir redusert til ti mann. Vi skåra eitt med ti mann, men burde ha skåra tre.

Hetlevik måtte sjå kampen frå tribunen etter sjølv å ha blitt utvist i førre kamp. Som mot Os, der det òg blei siger.

Neste kamp går heime mot Stord 16. mai.

Dagens resultat i same avdeling:
Strømsgodset 2 - Fana 1-3
Valdres - Sogndal 2 0-4
Brann 2 - Bergen Nord går i morgon.

Fleire saker