Sport | 18. juni 2013

Sterk innsats på Meland

Solveig Helgesen og Sverre Marcelius med sterk innsats under Noregscupen i golf på Meland i helga. Solveig berre tre slag unna plass på pallen.

Sterk innsats på Meland
Sverre Marcelius og Solveig Helgesen gjorde det bra på Meland i helga (fotomontasje: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 18. juni 2013 11:29

Noregseliten var i helga samla på Meland golfklubb til tredje runde i Noregscupen. I det sterke startfeltet fann vi òg dei to Bjørnefjorden-spelarane Solveig Helgesen og Sverre Marcelius.

Solveig var i fin flyt på siste runden av dei 54 hola og kjempa om ei pall-plassering etter birdie (eitt slag under par) på det femtende og sekstende holet.

– På dei to siste hola var Solveig uheldig og fekk to slag over par på hol 17 og eitt slag over par på hol 18, kor ballen trilla rundt hol-kanten og la seg i ro halvanna meter frå pinnen.

– Det syner berre kor små marginane er i golf. Med litt meir tur, kunne ho fort ha hamna på tredje plass i staden for sjette, fortel Sverre Marcelius om klubbvenninna sin prestasjon på Meland.

Solveig Helgesen hamna til slutt 19 slag over par på dei 54 hola, medan Sandra Nordaas frå Drøbak enda på tredjeplass med 16 slag over par. Vann gjorde Renathe Hjelle Grimstad frå Bergen golfklubb.

To slag på par-4 hol

Sjølv enda Marcelius på 12 plass blant dei 56 som fullførte alle rundane på Meland. Sundag gjekk instruktøren frå Bjørnefjorden ei sterk 74-runde på bana som blir karakterisert som ei av dei vanskelegste og flottaste i Noreg.

Imponerte stort gjorde han på hol 11, kor han brukte berre to slag for å få ballen i holet.

– Eg var ikkje heilt nøgd med spelet mitt fram til då. Puttane satt ikkje.

– Då Jimmy Heimer, som skulle slå først ut på holet drog opp driveren sin, så tenkte eg at eg ikkje kunne vera dårlegare.

Marcelius klinka til med eit slag på omlag 240 meter og landa berre fem meter frå pinnen.

– Eg måtte ut og angripa. Endeleg sat putten, smiler Marcelius som enda eitt slag over par på runda og 12 slag over par totalt. Vann gjorde Lasse Gerhardsen frå Ski golfklubb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.