Sport | 06. des. 2014

Sterk kamp av damelaget

Os leia til pause og tok poeng frå serieleiaren, på bortebane.

Sterk kamp av damelaget
Elise Hjelle blei toppskårar og kåra til banens beste borte mot Fyllingen laurdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 06. des. 2014 22:09

Etter fire sigrar på rad spelte handballdamene til Os i dag bortekamp mot serieleiar Fyllingen.

– Vibeke Ingebrigtsen var outstanding i mål og vi gjorde sesongens beste i forsvar, fortel trenar Gitte Torp.

Fyllingen sto utan tap og med to uavgjorte før dagens kamp, men var nær på å gå på sitt første tap.

Fyllingen - Os 24-24 (10-13)

Elise Hjelle blei av Fyllingen-juryen kåra til banens beste. Elise blei toppskårar med 8 mål, 4 av dei frå straffemerket.

– Vi rekna med at Fyllingen kom til å stå 5-2 defensivt og førebudde oss litt på det på trening denne veka. Dei spelte som venta og vi fekk greit taket på dei.

– Kjennest som ein siger

– Dei hadde i lengre periodar frimerke på Madeleine, som likevel klarte å skåra tre mål.

Os leia med tre mål til pause og gjekk opp til femmålsleiing tidleg i andre omgang. Så blei dei innhenta av vertane, som også gjekk forbi og leia med to mål.

– Det var defensivt vi tok dei, vi merka tidleg frustrasjonen både blant motspelarane og frå benken deira. Poeng mot Fyllingen på bortebane kjennest som ein siger.

Målskårarar, Os: Elise Hjelle 8, Malin Hjelle Berentsen 4, Madeleine Hjertnes 3, Tonje Hjertnes 2, Malin Lunde Fosen 2, Caroline Cook 2, Marte Øvreeide, Hilde Kristine Røttingen og Silja Espelid.

Os speler også neste runde, som er siste kamp før juleferien, på bortebane. Den går mot Årstad onsdag.

SJÅ TABELL

Søndag speler herrelaget til Os heime mot Sotra 2 (kl 17.45).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.