Lokal | 07. sep. 2009

Sterk kuling tysdag

Ligg båten din utsett til bør du sjekka den før tysdag ettermiddag. Men ikkje ta den på land, for til helga er det venta sol.

Sterk kuling tysdag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. sep. 2009 20:06

Ein storm er på veg til Vestlandet, men vinden kjem til å vera sterkast i Sogn og Fjordane og nordover.

Men vi slepp ikkje heilt unna i Hordaland, det er venta sterk kuling 20 på kysten, liten kuling 15 andre utsette stadar. Det er også meldt regn tysdag ettermiddag og utover natt til onsdag.

Det er full flo i 14-tida tysdag, så har du båt som ligg utsett til, som du kanskje ikkje har sjekka på ei stund, bør du ta ein tur til sjøen. Også partyteltet bør tjorast godt fast.

Men onsdag ettermiddag skal det bli sol, så kjem litt regn torsdag og fredag før det til helga er venta opphaldsvêr og sol.

Her kan du sjå vêrmelding for Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.