Sport | 27. jan. 2020

Sterk siger på bortebane

Sleppte inn berre 6 mål etter pause.

Sterk siger på bortebane
Malene Massi Fagerthun blei toppskårar borte mot Dale søndag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. jan. 2020 10:33

Søndag spelte Os bortekamp mot Dale. Heimekampen enda med 11-målstap (26-37), i går blei det siger.

Laga låg ganske likt på tabellen, Dale med tre poeng meir på éin kamp mindre spelt.

Tidlegare i vinter har Os ofte starta bra, også mot lag i topen av tabellen, men mista grepet etter pause. Sånn var det ikkje i går.

– Dette var ein viktig kamp som jentene gjennomførte på ein veldig god måte. Vi hadde ein god førsteomgang og ein endå betre andreomgang, seier trenar Trond Budal.

Dale - Os: 20-26 (14-15)

– Vi visste at dei ville koma i høgt tempo. Sist gong blei vi ståande på 6-meeren og venta, no var vi ute på 9 meter og hindra dei. I tillegg har vi no fått drilla den nye angrepsformasjonen vår, mens sist vi møttest hadde vi berre hatt 2-3 treningsøkter å øva på.

Offensivt var fokus på, spesielt om Os gjekk i føringa, å halda roen og å unngå å ta for store sjansar.

– Vi hadde nokre kontringsmål i denne kampen, men det er ikkje der fokuset ligg. Vi skal vera gode i etablert angrep.

Camilla Halhjem (18 år/fødd i 2001) fekk debuten sin i 3. divisjon i kampen. Ho gjorde god figur og skåra 2 mål. Malene Massi Fagerthun blei toppskårar med 6 mål, Ayleen Aküyz Hagen skåra 5 (3 + 2 frå straffemerket)

– Vi har prata litt om dette med å ta sjansane vi får, og det har Ayleen tatt til seg, og avsluttar med suksess stadig oftare.

– Anna var småsjuk, så eg fekk ikkje brukt så mykje som eg hadde ønskt, men inn kjem Mia Gabrielsen og gjer ein kjempejobb. Dette ein skikkeleg lagsiger. Vi har mange som jobbar hardt og godt i forsvar, nesten alle kom på skåringslista og eg ser at jentene blomstrar meir og meir frå kamp til kamp.

Laget og antal mål: Siri Eide Børtveit (Amalie Evensen), MaleneMassi Fagerthun 6, Ayleen A. Hagen 5, Anna Martine Særvold Mjånes 4, Stine Eide 4, Camilla Halhjem 2, Lone Gabrielsen 2, Mia Gabrielsen 1, Dina Søvik Midthun 1, Mia Jansen Paulsberg 1 og Elin Moberg Rosland.

Tar imot Gitte sitt Askøy

Neste kamp er på heimebane søndag (17.40).

Då tar Os imot Askøy, som blir leia av Os sin gamletrenar Gitte Torp.

Askøy ligg på 5. plass på tabellen med 6-0-7, Os er på 9. plass med 4-1-10.

Då skal også nysignerte Amanda Kristin Holthe vera speleklar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.