Sterk siger til Os
Damelaget slo Florø i Oshallen.
Bildeserie:
Det nye damelaget til Os viste lovande takter, men tapte i serieopninga for to veker sidan.
I går spelte dei andre serierunde, også det på heimebane, denne gong mot Florø.
Os spelte ein solid kamp og vann 20-17!
– Dette var fantastisk gøy både for jentene og dei livlege publikummarane som støtta oss kampen gjennom, seier trenar Trond Buvik.
– Julie hadde ein god kamp i mål, forsvaret har byrja å setja seg og offensivt er Stine Eide fantastisk i dag og skårer heile 11 mål som strek (3 av dei på straffe).
Os - Florø 20-17 (12-6)
Troppen og skåringane: Julie Hjertholm Lindborg (keeper, sto heile kampen), Stine Eide 11 (3 av dei på straffe), Malene Massi Fagerthun 3 (1+2), Charlotte Pettersen 2 (1+1), Ayleen Akyüz Hagen 2 (1+1), Silje-Marie Ognøy 1, Dina Søvik Midthun 1, Lone Gabrielsen 1, Sofie Evensen, Regine Sten, Emma Sælen Lyssand, Elin Moberg Rosland og Maia Emilie Heimtun Skudal.
Os stilte utan Anna S. Mjånes, som fekk ribbeinsbrot i førre kamp, men ein av dei få andre på laget med erfaring frå førstelaget i fjor, Regine Sten, var tilbake. I tillegg har Emma Sælen Lyssand, som har vore vekke frå handball i rundt eit år, byrja å trena igjen.
– Emma er tøff og skyter hardt! No er ho godt i gang med treninga, og vil nok i aukande grad styrka stallen vår utover hausten.
Stor spenning etter pause
Florø opna serien med 33-29-siger over tidlegare Os-trenar Gitte Torp sitt Askøy. I Oshallen hamna Florø raskt bakpå, men det blei likevel ein spennande innspurt.
Os drog i frå utover i første omgang, auka til 15-8 i andre omgang, men så blei det 16-14 og 17-16 før dei fekk overtaket igjen.
– Vi hadde ein svak periode, utan at det er lett å setja fingeren på kva det var. Florø forsvarte seg bra og fyrte av nokre gode skot. Men så kom det seg igjen, og vi berga sigeren!
Os speler borte mot Fyllingen 2 i neste runde. Dei har vunne 2 av 2 og kan stilla noko A-prega mot Os. Neste heimekamp går mot Sogndal som har tapt 2 av sine 2 første.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.