Pingvinleikane blei i helga arrangert i Leikvang Friidrettshall i Åseane.
– Det er eit stort stemne med deltakarar frå Florø i nord til Sandnes i sør, fortel trenar i Os Turn Friidrett, Svein Hausberg.
Arrangørane fortel om 500 deltakarar frå 70 forskjellige klubber under stemnet i 2013. Deltakinga i år var faktisk så god at dei måtte starta tidlegare på sundagen for å få alle utøverane i sving.
3. beste i Noreg
Best av utøverane frå Os Turn gjorde Andreas Mowinkel Nilsen på 60 meter for gutar 16 med tida 7.47 det.
– Tida til Andreas er den 3. beste tida på distansa innandørs i år.
– Det skal bli spennande å følgje Andreas og dei andre eldste utøverane under UM i Drammen første helga i mars.
God test
Dei andre utøverane frå Os klatra ikkje like høgt på resultatlista, men fleire personlege rekordar blei det.
– Det blei litt hektisk, då eg var einaste trenaren som hadde tid til å vera med denne helga, så eg har ikkje heilt oversikten over personlege rekordar og slikt.
– Uansett blei det ein god test for utøverane våre mot god motstand.
– Det er tidleg i sesongen og enno ei stund til vi byrjar utandørs, fortel Hausberg.
For dei yngre utøvarane i friidrettsgruppa er Hovdingleikane i slutten av mai det første stemnet ein siktar seg inn imot.
Resultata for Os-utøvarane:
60 meter, G12: 12. Henrik Borgen, 10.01 (debutant i stemne)
60 meter, G13: 9. Håvard Bruvik, 9.32
60 meter, G16: 1. Andreas Mowinkel Nilsen, 7.47
60 meter, J14: 5. Kristine Malene Furebotn, 9.00 - 9. Michelle Askvik Gassmann, 9.14 - 12. Sofie Olsvoll Hausberg, 9.40
Lengde, J10: Thea Hausberg, 2.57
Lengde, J11: Thea Solberg, 3.18
Lengde, J14: 4. Kristine Malene Furubotn, 4.30 - 9. Sofie Olsvoll Hausberg, 3.89 - 11. Michelle Askvik Gassmann, 3.22
Lengde, G12: 10. Henrik Borgen, 3.53
Lengde, G13: 8. Henrik Bruvik, 3.78
Høgde, J14: 4. Sofie Olsvoll Hausberg, 1.30
Høgde, J15: 4. Viktoria Tufteland Haukefer, 1.20
200 meter, J14: 10. Michelle Askvik Gassmann, 30.75
200 meter, J15: 9. Viktoria Tufteland Haukefer, 36.69