Sport | 10. feb. 2018

Sterk treningskamp mot Fana

Os starta og avslutta best. Trenar Kvile nøgd med siste test før treningsleir i Tyrkia.

Sterk treningskamp mot Fana
Christer Bergesen Olsen er tilbake i gult og skåra Os sitt einaste mål i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 10. feb. 2018 08:10

Fredag kveld spelte Os treningskamp mot Fana i hallen på Sotra. Dette var fjerde og nest siste treningskamp før sesongstart.

Etter førre kamp var trenar Karl Kvile rasande grunna det han opplevde som manglande engasjement i første omgang. Fredag kveld var han nøgd.

– Gutane stilte med ein heilt annan glød og intensitet over spelet. Første omgang bølga litt begge vegar, andre omgang føler eg at vi styrer kampen og samla sett var vi kvassare enn Fana.

Os hadde 16 mann med til kampen, og stilte utan Christoffer Hafsås, Alexander Dale og Frode Storebø.

Os - Fana 1-2 (1-1)

Os gjekk i føringa i 39. minutt. Målskårar var Christer Olsen.

– Skåringa kom i eit angrep etter læreboka, med ball frå kant til midten, der vi raskt snudde spelet til motsett kant, la inn og Olsen putta.

Utlikninga kom før pause då Os var seine med å koma seg heim etter å ha mista ballen.

– Eg kan garantera at det ikkje skjer igjen

Andreomgangen er Kvile endå meir nøgd med.

– Her køyrer vi dei skikkeleg, og vi skaper fleire sjansar. Rafael har sjansen til å heada ballen i mål to gongar og Harry misser på ein kjempesjanse rett før slutt.

Fana sitt 1-2-mål kom etter ein miss i Os-forsvaret.

– Divaldo skulle sentra til Endre, men var både uoppmerksam og uheldig. Ein Fana-spiss fanga opp ballen og fekk ein enkel jobb med å putta den i mål. Det var klønete av oss, men ein sånn tabbe kan eg garantera at vi ikkje gjer fleire gongar i år.

Funfact: Os slo Fana 5-0 på Kuventræ då dei to spelte mot kvarandre i 2. divisjon i 2010. Vegard Leikvoll Moberg skåra tre av måla.

Ny formasjon

Kvile har lagt om til tre bak, to vingbackar og to indreløparar.

– Det fungerte stort sett bra. Vi skal bruka meir tid på å få denne til å sitja, og til å bli betre på siste tredel av banen.

Os frå start: Frode Moberg Øvredal - Endre Brenne (hm), Divaldo Cardoso (ms), Torkel Hjertnes (vs)- Marius Mikkelsen (sm), Rafael Villén (sm)- Øystein Takle Eide (hb), Harry Moore (vb) - Mats Cato Moldskred (il), Alexander Tøssebro (il) og Christer Olsen (s).

Innbytarar med speletid:
• Hjertnes måtte ut etter ti minutt, inn kom Vegard Strønen Skeie.
• Olsen gjekk ut rett etter skåringa, inn kom Steffen Ljosheim på høgre kant, mens Takle Eide blei flytta opp som spiss.
• I pausen kom Håkon Kvittingen inn for Mikkelsen og Sander Kvittingen inn for Tøssebro.

Anders Fossen Lunde skulle i utgangspunktet stå i mål i 2. omgang, men var småskadd og lét Øvredal stå heile.

Har éin (norsk) treningskamp igjen

Os reiser på treningsleir til Tyrkia i veke 9 (vinterferien). Der blir det truleg minst éin treningskamp.

Heime ventar ein siste treningskamp, mot Varegg med avtroppa Os-assistent Ørjan Håland som trenar, før NM-kvalik mot Stord på bortebane onsdag 21. mars.

Serien startar måndag 9. april borte mot Fyllingsdalen 2.

• Midtsiden samleside: Os A-lag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.