Sport | 10. juni 2014

Sterke i Stavanger

Stor medaljefangst på roarane frå Os Roklubb under regatta i Stavanger. To mann klare for nordisk meisterskap.

Sterke i Stavanger
Odin Hjelm Sørstrønen og Aleksander Haaland Hillestad gjorde det bra i Stavanger (privat foto)
Andris Hamretysdag 10. juni 2014 12:56

I pinsen arrangerte Stavanger Roklubb den tradisjonsrike Stokkavannsregattaen.

– Vi stilte med seks roarar, og er strålande nøgd etter ein veldig fin tur og eit vel gjennomført arrangement, fortel rosjef Steinar Haugland.

Gull, sølv og bronse på Odin

Størst fangst tok ungguten Odin Hjelm Sørstrønen som kom heim med ein førsteplass i firer saman med roarar frå Fana, ein sølv i dobbeltsculler i lag med klubbkamerat Aleksander Haaland Hillestad, og bronsemedaljer både i singelsculler og i dobbeltsculler saman med Lars Moberg Haukeland.

– Odin gjorde ein veldig god regatta og var den av utøvarane som sanka meist medaljar.

– Men også Aleksander Haaland Hillestad, som deltok i sin andre regatta nokonsinne skal ha skryt.

– Det skal eigentleg alle utøvarane våre ha. Eg er strålande nøgd med innsatsen, seier Haugland.

Sjå osroarane sine resultat nedst i artikkelen.

Arne og Mattias klare for Nordisk

Dei eldste juniorane, Arne Hadler Olsen og Mattias Nikolai Haugland blei under regattaen klare for Nordisk Meisterskap første helga i juli.

I åttaren som dei rodde saman med utøvarar frå Fana, Bergen og Ålesund fossa dei fram og vann sin andre regatta i år.

– Det gjer at dei er klare for nordisk i Sorø i Danmark i bryjinga av juli, fortel trenar Audun Hadler Olsen.

Skarpt gjorde dei to eliteroarane det også i singelsculler.

– Arne rodde inn til tredjeplass, medan Mattias kom like bak på fjerde plass.

– Spesielt oppløftande var det å sjå at dei stadig nærmar seg dei to framfor seg.

Arne Hadler Olsen var berre 87 hundredel bak bronsemedaljen i regattaen på Stokkavannet. Dei to osingane tok òg sølv i firaren saman med Didrik Soltvedt frå Bergen og Petter Bang-Andreasen frå Fana.

Os roarane sine resultat

Ope klasse, 500 m, singelsculler
Aleksander Haaland Hillestad, 2:39:00 (bronse i heatet)
Lars Erik Vevatne, 2:59:00 (4. plass i heatet)

Herrer junior C, 500 m, singelsculler
Odin Hjelm Sørstrønen, 1:56:24 (4. plass i heatet)
Lars Moberg Haukeland, 2:34:39 (5. plass i heatet)

Herrer junior A, 2000 m, singelsculler
Arne Hadler Olsen, 7:36:70 (bronse)
Mattias Nikolai Haugland, 7:38:59 (4. plass)

Herrer junior C, 1000 m, dobbeltsculler
Aleksander Haaland Hillestad og Odin Hjelm Sørstrønen, 4:43:97 (Sølv)

Mix junior C, 500 m, firar
Elsa Segadal, Heine Jansen Heggebø, Frida Arnesen og Odin Hjelm Sørstrønen, 1:53:68 (Gull)

Ope klasse, 500 m, singelsculler (sundag)
Aleksander Haaland Hillestad, 3:12:86 (bronse i heatet)
Lars Erik Vevatne, 3:44:62 (5. plass i heatet)

Herrer junior A, 2000 meter, 8-ar (sundag)
Arne Hadler Olsen, Philip Ørner, Petter Bang-Andreasen, Johannes Jansen Heggebø, Mattias Nikolai Haugland, Eilif Skarstein Jacobsen, Didrik Wie-Soltvedt, Ulrik Wie Soltvedt, 6:30.67 (gull, 1,33 sek foran lag nr 2)

Herrer junior C, 500 m, singelsculler (sundag)
Odin Hjelm Sørstrønen, 2:22:96 (bronse i heatet)
Lars Moberg Haugland, 2:52:40 (4. plass i heatet)

Herrer junior C, 1000 m, dobbeltsculler (sundag)
Lars Moberg Haukeland og Odin Hjelm Sørstrønen, 5:12:10 (bronse)

Herrer junior A, 2000 m, firar (sundag)
Mattias Nikolai Haugland, Arne Hadler Olsen, Didrik Soltvedt, Petter Bang-Andreasen, 7:40:22 (sølv)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.