– Sterkt prega av teikneseriar
Midtsiden TV: Utstillinga av 75-årsjubilanten Hariton Pushwagner opna i Oseana i dag.
Hariton Pushwagner (fødd Terje Brofors) fylte 75 år 2. mai.
I dag opna Oseana det som blir den største utstillinga av Pushwagner i Noreg i år.
Sjå videointervju med kurator ved Oseana KF, Marianne Gathe, over.
(Foto/klipp: Ørjan Håland, midtsiden.no)
Fire timar før opninga, som var klokka 18, fekk pressen sjå nærmare på dei mange verka som pryder veggane i kunst- og kultursenteret på Mobergsneset.
Står gjennom sommaren
Fleire av verka var så ferske at malinga knapt var tørr då kunsten blei pakka ut.
Pushwagner er inspirert av popkunst og teikneseriar og blir rekna som ein av dei viktigaste samtidskunstnarane i Noreg.
Prisane ligg på frå 5000 til over ein halv million kroner.
Utstillinga står heile sommaren, til og med 16. august.