Kultur | 10. juli 2011

Stigen vann auksjonen

Skulptursymposiet: Før tildelinga blei ein engel av Boutros selt på auksjon. Roald Stigen hadde høgaste bod.

Stigen vann auksjonen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. juli 2011 06:22

Utropsprisen var 20.000 kroner på engelen som Boutros Romhein har forma av marmor.

I forkant av symposiet leverte Romhein ein tilsvarande engel, ein skytsengel, til Oseana.

Berre eitt bod var kome inn før fristen klokka 12 laurdag, dermed heldt auksjonen fram frå 20.000 kroner, som bodet var på.

Auksjonarius, kultursjef Lisbeth Axelsen, fekk fort fart i bodgjevinga. Neste bod var på 23.000 kroner.

Så kom revisor Roald Stigen med 24.000 kroner, men han fekk ikkje engelen så lett.

Boda auka til 25 og 26, til og med 26.500, men då Stigen kom med 27.000 kroner blei engelen hans.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.