Stilfull feiring
Bildeserie: Kviteskulen på Os Barneskule er 100 år. Onsdag blei det feira med ballongar, song, leiker og gåve frå kommunen.
I 1914 sto kviteskulen på Os barneskule klar til å ta i mot dei første elevane, etter at skulen i klokkargarden hadde vore det einaste skulebygget i kommunen i omlag femti år.
Onsdag blei 100 årsjubileet feira med brask og bram med elevar, tilsette, foreldre, besteforeldre og tidlegare elevar stilte mannsterke opp. At det var omlag 1500 osingar som ville feire den gamle skulen skal ein ikkje sjå bort frå.
Trivselsdans og linjegymnastikk
Dei fekk sjå dagens elevar kledd opp som sine forgjengarar i ein kombinasjon av leik frå den gong då miksa med dei trivselsleikane som blir nytta på skulen i dag.
– Nettopp det har vore noko vi ønskja å visa med denne feiringa. Ei samansmelting av fortid og notid, fortalde rektor Beate Moberg.
Innslaget som samla flest tilskodarar var uten tvil dei eldste elevane si danse- og gymnastikkoppvisning. Først leia av elevane sjølv, før ein myndig lærar Lunde beordra elevane inn på linje og gymnastikk av den gode gamle sorten.
Fekk nye leikeapparater
Som seg hør og bør i eit jubileum stilte ordføraren opp med tale og gåve til burdagsbarnet.
– Kva er det som er vanleg i bursdag, spurde ein bunadskledd ordførar Terje Søviknes elevane.
– Bursdagssang, kom det frå bakre rekke.
– Kva med burdagsgåve då, undra ordføraren.
Jo, det òg høyrde med, nikka elevane samtykkande.
I "sekken" hadde ordføraren med seg lovnad om at kommunen stiller med midlar til å ruste opp skuleplassen med nye leikeapparat. Rett nok gjekk det litt i ball for ordføraren då han skulle fortelja om gåva. Dei 50 000 kronene kommunen kom med blei til 100 000, då han skulle prøva å forklara korleis ein kunne få mest mogleg ut av dei med spelemidlar og dugnad for å få det godkjent som nærmiljøanlegg.