Sommar og idyll - men stille dagar på Kuven Farm Camping. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sommar og idyll - men stille dagar på Kuven Farm Camping. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Stille på campingplassen før festivalstart

Kuven Farm Camping merker stor nedgang og ser fram til Osfest.

Kjetil Vasby Bruarøy
26. juli 2017 - 12:28

– I år har det vore fullstendig svikt, seier Inger Botnevik, som har tatt seg fri for å reisa til Stjørdal å besøka mora si.

Frå å ligga på rundt 100 gjestar per sesong har det til no berre vore ein familie frå Polen, som òg var her i fjor, og to kameratar, også dei frå utlandet, som gjest på Kuven Farm Camping.

– «Endeleg», tenkte eg då nokre syklistar kom innom, men dei hadde sykla feil, og skulle på noko førehandsbestilt og ferdigbetalt Airbnb.

– Sesongen startar normalt i slutten av mai. Eg trur dårleg vêr i juni kan ha spelt litt inn, men at konkurransen med Airbnb er hovudårsaka til nedgangen. Sist eg sjekka var det 71 Airbnb-tilbydarar i Os, vi har også nokre i nabolaget vårt.

Ser fram til festivalstart

Det var i 2009 at læraren Inger starta med camping på ekteparet Botnevik sin gard på Bjørkeflaten på Kuven.

I 2010 var besøket dobla, i 2011 kom, i tillegg til ein leilegheit, ei ny hytte på plass.

I 2015 var det mange på camp på Kuven under Osfest. Kuven er framleis offisiell festivalcamp, i år er Øvreeide Inn på tunet med som bubil-camp.

– Osfest er ekstra kjekke dagar på campen, men fleire folk og festleg stemning, det gler vi oss til. Mange kjem nok med bubil, men med tørre bakkar går det fint med bubil også hos oss. No håper vi på fint vêr og gler oss over at festivalen har selt godt med billettar, seier Inger, som kjem heim frå ferie i god tid før festivalen.