Lokal | 15. juni 2010

Stille start i Oselvo

Det var få fiskarar og lite fangst då det i natt blei opna for fiske i Oselvo.

Stille start i Oselvo
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. juni 2010 08:11

Natt til 15. juni, to veker seinare enn i fjor og åra før, var det sesongopning for fiske i Oselvo.

Midtsiden var på plass for å sjekka stemninga og dokumentera eventuell tidleg fangst.

- Dårlege forhold
Lite vatn i elva den siste tida gjorde at ingen av dei få fiskarane som stilte opp på opningsnatta hadde tru på særleg stor fangst.

- Det blir vel her i sone 0 eller oppe i sone 2 dei får den, om det blir laks i natt, seier Nils Ekerhovd.

Ekerhovd tok «Oscar» både i fjor og i 2008.

- Det har vore lite vatn den siste tida, så det er nok ikkje så mykje fisk som har gått opp. Men regnet som kom i helga som var har nok hjelpt litt på, og her i sone 0 (mellom bruene over elva) er det ein del fisk. Eg har tru på at det kan bli nokre aurar og kanskje ein tert i natt, seier Kjetil Sandven.

Han fiskar med floge og held seg derfor i sone 0.

Få fiskarar
På veg opp til sone 2, der årets første laks ofte blir tatt, gjekk vi forbi sone 1, som var tom for fiskarar. Også i sone 2 var det uvanleg lite folk på begge sider av elva.

- Johnny Lund har kort saman med meg, men ville ikkje ta seg fri frå jobb i morgon når elva er så lita, sa Thore Mykkeltvedt.

Han fiskar elles i året på austsida av elva kvar fredag, men i år hadde kona hans vore heldig og vunne trekninga i sone 2 på vestsida opningsnatta. På austsida var det ingen som fiska.

- Det ser ut som om eg blir åleine her i natt.

Det første kastet
Startskotet gjekk og Thore kasta kroken med makk uti.

- Der var det noko bortpå. Kanskje var det berre noko småfisk, men eg har blitt lurt før, fortel han.

For to år sidan trudde han også at det berre var småfisk. Då fisken endeleg beit skikkeleg blei det rekord.

- Eg fekk opp ein laks på 13,2 kilo i 2008, det er den største eg har tatt i Oselvo.

Litt fangst
Tysdag morgon fortel Thore at han fiska til rundt klokka 03.30, og at natta ikkje blei heilt resultatlaus.

- Det blei ein aure på rundt 1 kilo.

Kjetil Sandven tok to aurar i same storleik.

TIPS MIDTSIDEN
Har du eller nokon du kjenner fått fisk?
Tips Midtsiden: kjetil@midtsiden.no sms/mms 90 78 92 70

VIDEO:
Sjå Oselvo opningsnatta, Thore Mykkeltvedt sitt første kast i sone 2 og vakande fisk i sone 0.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.