Sport | 28. sep. 2017

Stiller i ny klasse neste år

Tusendelane tel når Elina Tresland Andersen (11) kjempar om medalje. I 2018 kan ho køyra i 140 km/t over målstreken.

Stiller i ny klasse neste år
Elina har køyrd 3 av 5 NM-løp i år. Beste resultat er 3. og 6. plass.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. sep. 2017 09:48

Bildeserie:

Elina fyller 11 år i dag. Neste år går ho opp ein klasse.
Elina fyller 11 år i dag. Neste år går ho opp ein klasse.
Her ser du korleis eitt tusendels sekund skil topp 3.
Her ser du korleis eitt tusendels sekund skil topp 3.
Samanlagt blei det 9. plass på Elina frå Os.
Samanlagt blei det 9. plass på Elina frå Os.
I 2018 blir det større motor i den vesle bilen.
I 2018 blir det større motor i den vesle bilen.
1 av 4
Elina fyller 11 år i dag. Neste år går ho opp ein klasse.
Her ser du korleis eitt tusendels sekund skil topp 3.
Samanlagt blei det 9. plass på Elina frå Os.
I 2018 blir det større motor i den vesle bilen.

Elina var 9 år då ho på våren i fjor debuterte i dragrace (junior dragster).

I dag fyller ho 11, og kan sjå tilbake på ein god andresesong i den fartsfylte sporten.

– Vi rakk berre å køyra 3 av 5 teljande løp i NM, likevel blei det ein fin 9. plass av rundt 20 deltakarar, fortel pappa Øystein Tresland Helgesen.

3. plass på Valle var beste plassering. I finalehelga på Gardermoen for ei god veke sidan kom ho på 6. plass.

– Ho held seg stabilt over minstetida og har byrja å ta seg vidare i elimineringsrundane. Reaksjonstida er òg veldig god, men her er det som kjent svært små marginar.

Når kroppen får innebygd speedometer

I dragrace blir det køyrd eit rett strekk på ei 1/4 engelsk mil (402,33 m). Juniorane køyrer halv distanse, drygt 201 meter.

Førarane sit 5 cm over bakken og har ikkje speedometer eller klokke i bilen.

Dei yngste (8-11 år) har ikkje lov å køyra distansen fortare enn 12,90 sekund. Du har heller ikkje lov å ha høgare fart enn 80 km/t over milstreken. Deltakarane skal på førehand melda inn kva tid dei skal køyra på, og koma nærmast denne.

– Det gjeld å køyra stabilt, å veta kva tid du skal melda inn, og å ikkje køyra raskare enn denne. Ein som melder inn 13,20 kan slå ein som melder 12,90, om du køyrer nærmare den tida du har meldt inn.

Tusendelane avgjer

Dragrace handlar mykje om aksjellerasjon, men også om reaksjonstid. Avanserte sensorar følgjer med når startskotet går, og er du for rask på pedalen så blir det dømt tjuvstart.

0,500 sekund er ideelt, startar du 0,499 etter startskotet så tel det som tjuvstart.

I bildeserien over ser du korleis eitt tusendel skil Elina og dei to over ho på resultatlista, med 0,502, 503 og 504, i eit av årets løp.

Opp i fart neste år

Neste år fyller Elina 12 år, og kan dermed køyra opp ein klasse. Då auka farten.

Distansen kan køyrast på 7,90 sekund, farten over målstreken kan vera inntil 140 km/t.

– Vi kjøpte ny bil før årets sesong, for det låg så mange for sal og prisane var fine. Men vi brukte motoren frå i fjor.

– No skal vi ta denne motoren over i gamlebilen, og legga den ut for sal, mens neste års motor skal til Austlandet for overhaling før vi gjer bilen klar for 2018-sesongen, forklarer dragrace-pappaen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.