Sport | 16. jan. 2017

Stilte med fem lag, tok 1. og 3. plass

Os stilte sterkt i Bergen Fotballfestival. I G15 blei det Os mot Os i kvartfinalen, i G16 gjekk dei heilt til topps etter straffekonk i finalen.

Stilte med fem lag, tok 1. og 3. plass
Os gutar 16 slo Sædalen i finalen og vann Bergen Fotballfestival.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. jan. 2017 10:37

På bildet, Os G16-1, som vann finalen over Sædalen. Bak frå venstre: Fredrik Laugen, Kristoffer Strønen Røttingen, Markus Lund Valvik og Karel Bezucha, framme frå venstre: Casper Lunde, Henrik Blindheim Skjælaaen, Snorre Tønnesen Brekke, Daniel Bjørnevik og Christoffer Eikaas.

Søndag spelte Os jenter 13 sitt første sluttspel, og tok 1. plass i Bergen Fotballfestival i Vestlandshallen.

Os stilte òg med gutelag i femmarturneringa, og fekk to av fem lag på pallen.

– Nytt i år er inndeling etter alder i gutefotballen, 15 og 16, som før var éin klasse, er no to. Dette var ein av få cupar vi i år deler etter reine alderstrinn, seier trenar og spelarutviklar i Os Fotball, Frode Lohne Sæle.

Os stilte med tre G15-lag og to i G16.

Os mot Os i kvartfinalen

Os Fotball har eitt breiddelag i G15 og eitt i G16. Dei resterande tre laga i dei to årstrinna er éi treningsgruppe.

– Os 1 og 2 på gutar 15 var delt inn som to jamne lag. Då dei møtte kvarandre i kvartfinalen blei det ein intensiv, men fin og god kamp, synest Sæle.

Begge hadde vunne sine puljer, med 18-4 og 18-0 i målforskjell på tre kampar. Kvartfinalen enda 5-3 til Os 2, som tapte 2-5 for Askøy i semifinalen og dermed enda på delt 3. plass.

Finalen blei snudd fire gongar

I gutar 16 var Os suverene, etter siger i tre av tre innleiande kampar, og 12-6 i målforskjell, følgde dei opp med 10-0-siger over Mathopen i kvartfinalen.

– Det blei i grunnen ikkje skikkeleg motstand før i semifinalen. Sjølv var vi litt rustne i starten, men gutane fann rytmen i dei siste kampane, synest Tim Henrik Sperrevik, som er med og trener dei ivrigaste gutelaga til Os.

I semifinalen blei det 4-3 over Skjergard, i finalen bytte Os og Sædalen på å leia. Os gjekk opp i 2-0, men hamna bak 2-3. Så gjekk Os opp i 4-3 mot slutten, men grunna ein skadesituasjon blei speletida forlenga, og Sædalen utlikna til 4-4.

– Dei missa på første straffe, og då vi sette to på rad var det avgjort.

Sædalen tok ikkje sin siste straffe, då denne ikkje hadde noko å bety. Finalen enda med 7-5-siger til Os.

– Vi har lagt opp eit tøft løp til gutane i vinter. Dei er ein flink og treningsvillig gjeng, med godt humør, og dette var eit kjekt avbrekk frå den harde treningskvardagen, seier Tim og Frode.

– Det er kjekt å sjå korleis den fine 2000-årgangen blir etterfølgt av desse frå '01 og '02, som òg er to store og gode årgangar, og at vi har tilbod til alle, både dei som har kome langt og vil trena mest mogleg, til dei som ikkje har dei same ambisjonane, men som framleis trivst med fotball.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.