Kultur | 20. apr. 2010

Stilte med Michael-medley

Det blei litt bodskap og mykje god underhaldning i Oshallen i går. Sjå bilde og film frå MOT-konserten.

Stilte med Michael-medley
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. apr. 2010 07:13

Bildeserie:

1 av 8

Måndag 19. april var MOT-turneen innom Os. Med konsert for ungdomsskuleelevar på formiddagen og elevar ved vidaregåande skular midt på dagen blei ungdomen i Os betre kjent med organisasjonen dei elles i året har undervisning frå.

- Sidan Os kommune har kontrakt med MOT har skuleelevane undervisning i dette, fortel Ellen Merete Lyssand, som er ein av dei som er kursa av MOT for å læra ungdomen om haldningane MOT jobbar for å spreia.

- Det blir mykje fag resten av året, i dag handla det mest om å møta MOT-organisasjonen og å ha det kjekt. Arrangementet gjekk veldig fint og alle klarte seg veldig godt på scenen. Også dei som blei invitert i siste liten, sa Ellen Merete måndag kveld.

Osingar på scenen
Saman med MOT-sirkuset var det mange ungdomar frå Os som fekk scenetid, frå Niklas Hodneland, som styrte showet saman med ei trønderjente frå MOT, til banda Blackend og AVM 90, og rundt 60 ungdomsskuleelevar leia av Anne Leni Sæbø og Terje Neset.

- Ungdomen har godt av litt trønderrock. Vi har med oss songarar frå fleire av ungdomsskulane i Os, og eit kor frå Nore Neset på 60 elevar, fortel musikklærar Neset.

Fekk synga duett
Terje og Anne Leni hadde i tillegg valt ut tre jenter frå tre ulike skular som fekk synga duett med Askil Holm. Ei av dei var Malin Frotveit Johnsen.

- Eg var veldig nervøs før vi skulle på scenen, men det var kjempegøy, seier Malin til Midtsiden.

Ho syng berre i musikktimane på skulen og har ikkje planar om å byrja i kor eller band.

- Det trur eg ikkje. Eg blei berre spurt om eg kunne stilla i dag, fortel ho.

Starta då han var 13
Askil seier han sjølv byrja å spela gitar då han var 13 år, og allereie då skreiv han eigne låtar.

- Det var kjekt å vera her på Os i dag, og møta så mange flinke musikarar og songarar!

Her kan du sjå samandrag av MOT-konserten i Oshallen:


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.