Christer Olsen fekk ballen frå Adrian Valle på dødlinja og klinte inn 1-0 til Os over Odda. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Christer Olsen fekk ballen frå Adrian Valle på dødlinja og klinte inn 1-0 til Os over Odda. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Stilte ungt, men sterkt mot Odda

7 av dei 20 spelarane som var på banen for Os sitt A-lag i dag var gutespelarar i fjor.

Kjetil Vasby Bruarøy
24. januar 2015 - 16:59

Laurdag spelte Os treningskamp mot Odda, som rykte opp til Oddsenligaen i haust.

Os starta ganske ungt, men skifta 9 av 11 spelarar i pausen og spelte med endå fleire ungdomar i 2. omgang.

I tillegg til Knut Spangelo Haga, som debuterte i fjor, og Kasper Færøvik, som spelte seniorfotball i heile 2014, fekk desse fem prøva seg på A-laget for første gang: Vegar S. Ludvigsen, Vegard Hjelle, Anders Havsgård, Torgeir Lunde og Markus Sørås Bjørnevik.

Om det blei tre baklengs etter kvilen klarte dei seg likevel bra, med god sjanseproduksjon i angrep der ballen gjekk raskt i mange trekk.

Os - Odda 2-3 (2-0)
Målskårarar, Os: Christer B. Olsen og Håkon F. Kvittingen.

Adrian Valle slo ut 45 gradar til Christer Olsen, som kunne gje Os leiinga på eit knallskot.

Adrian var både åleine med keeper og skaut utanfor på lengste stolpe i ein god periode etter at Os tok leiinga.

På ein corner slått eit godt stykke forbi lengste stolpe sette Håkon Kvittingen inn 2-0 nokre minutt før pause.

Like mange sjansar i andre omgang

Gjestane reduserte på eit langskot tidleg i 2. omgang. Os skapte sjansar både på 2-1 og 2-2.

Men både Sander Kvittingen og Markus Sørås skaut utanfor åleine med keeper og Glenn Krossøy skaut over frå skrå posisjon, der han truleg ville ha lykkast betre med å legga inn.

Odda sette inn 2-3 på corner.

Nøgd El Fakiri

– Dette er veldig bra, synest Os-trenar Hassan El Fakiri.

– For det første var det godt å få spelt ein treningskamp, og for min del å sjå spelarane i aksjon. For det andre var det veldig mykje bra å sjå. Eg er nøgd og eg trur spelarane er veldig nøgd med dette.

Varierande av Odda

I Odda sitt trenarapparat var det meir delte kjensler etter kampen.

– Vi presterte veldig variert. Os gjekk ut og var veldig aggressive og gode. Eg er nøgd med at vi klarte å skapa nokre sjansar i omgangen då Os stilte med flest rutinerte, men det var ikkje alt vi fekk til å fungera i dag.

Dei to Os-laga

1. omgang: Frode M. Øvredal - Stian Bakke, Torkel Hjertnes, Emils Zilinskas, Knut Spangelo Haga - Håkon Kvittingen, Aksel Skaar, Erik Kanestrøm - Adriav Valle, Emil Halver og Christer Olsen.

2. omgang: Kasper Færøvik - Stian Bakke, Emilis Zilinskas, Vegar Ludvigsen, Glenn Krossøy - Mats Lepsøe, Torgeir Lunde, Vegard Hjelle - Anders Havsgård, Markus S. Bjørnevik og Sander Kvittingen.

Verken Endre Brenne, dei to nye austevollingane, Børge Borgen eller Håvard Grøteide kunne delta i dagens treningskamp.

Dei to neste treningskampane til Os går mot Sotra og Nest-Sotra.

Her kan du sjå programmet.

 


 

Les meir om

Fotball Os herre Sport