Sport | 16. des. 2016

Stipend til Sverre og Ariel

To osingar får stipend frå Bergen kommune for å satsa vidare på idretten sin.

Stipend til Sverre og Ariel
Dei to osingane Sverre Lunde Pedersen og Ariel Braathen fekk i dag kvart sitt stipend frå Bergen kommune (foto: AH/privat)
Andris Hamrefredag 16. des. 2016 14:04

Bergen kommune delte fredag ettermiddag ut 850 000 kroner i stipend og priser til idretten under ei tilstelning på Grand Hotel Terminus.

Heile 26 stipend, mellomanna 13 talentutviklingsstipend og 10 toppidrettsstipend blei delt ut.

Blant utøvarane som fekk 40 000 kroner i toppidrettsstipend var osing og skøyteløper Sverre Lunde Pedersen som går for Fana IL. Ei anna frå Os som fekk utviklingstipend på 20 000 kroner var svømmeprinsessa Ariel Braathen, som svømmer for BSC i Bergen.

Nytt i år var utdeling av 45 000 kroner som ein heiderspris. Denne gjekk til kappgjengar Trond Nymark, som tidlegare i år fekk gullmedalja frå 50 km kappgang under VM i Berlin, sju år på etterskot, då russaren Sergei Kirdjapkin blei frådømt gullet grunna doping.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.