Kultur | 13. mai 2011

Stipendet ingen ville ha

I fjor var det ingen som ville ha 15.000 kroner, i år, to veker før fristen går ut, står Partas framleis utan søkjarar.

Stipendet ingen ville ha
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. mai 2011 19:07

Bedriftene i Os er aktive støttespelarar til det yrande idretts- og kulturlivet i bygda. Partas AS vil, i staden for å sponsa på førespurnad, samla mesteparten av det dei vil gje vekk i eit kulturstipend utøvarar kan søkja på.

– Vi synes det er viktig å bidra til å styrka fellesskapsverdiar og dette er bakgrunnen for stipendet, seier dagleg leiar Knut Haddal.

Men ikkje alle som vil gje støtte har nokon å gje det til, verken i fjor eller til no i år har selskapet fått søkjarar.

– Vi har nok ikkje vore flinke nok til å fortelja om dette. Informasjon om stipendet låg på heimesidene våre, men blei ikkje annonsert så mykje utover det, innrømmer Haddal.

I 2004 starta Haddal revisjonsselskapet Athelas AS. I år blei rekneskapsfirmaet Partas AS etablert. Staben har vakse til fire tilsette.

Stipendet dei starta i fjor, som ingen søkte på, er meint å vera årleg. I år blir det gjeve frå det nystarta firmaet, Partas AS.

– No har mange vore ivrige med å støtta det flotte kulturhuset som er under bygging, og dei mange kunstgrasbanane bygda har fått, så då blir det viktig framover å støtta utøvarane som skal fronta Os som den kulturbygda den er, meiner Haddal.

Partas´kulturstipend er på 15.000 kroner, søknadsfristen er 1. juni i år.
Her kan du lesa meir om stipendet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.