Lokal | 19. mars 2014

Stiv kuling og store nedbørsmengder

På fjellet er det pudderalarm, skredfare og vanskelege kjøreforhold. Torsdag skal det bli kuling og enorme mengder nedbør.

Stiv kuling og store nedbørsmengder
Os hamn 15. desember i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. mars 2014 22:16

På Voss jubla dei i dag over 25 cm nysnø, i Myrkdalen kom det 35 cm snø frå tysdag kveld til onsdag formiddag.

I morgon er det venta mykje meir, frå 60 til 100 mm nedbør, som truleg kjem som sludd og regn nedst i bakken, som snø på toppane - og som regn i Os.

Lågtrykk i Nordsjøen er på veg inn over Vestlandet og tar med seg mykje vatn.

Det er også meldt vind frå sør opp i stiv kuling i styrke.

Temperaturen skal ligga på rundt 5 gradar.

Sjå detaljert vêrmelding på Storm vs Yr.

Fredag skal det letta litt, men det er meldt periodar med regn gjennom helga før det måndag er venta skyfri himmel og flau vind.

Det er full flo klokka 12:51 i Os torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.