Kultur | 19. sep. 2014

Stjernespekka heilaftan

Os Musikkforening byr på konsert og show med Aurora Aksnes, Gina Aspenes, Marius og Ingrid Neset, Mariann Herheim og Tore Hodneland.

Stjernespekka heilaftan
Aurora Aksnes, Gina Aspenes, Marius Neset, Ingrid Neset, Tore Hodneland og Mariann Herheim speler med Musikkforeninga (pressefoto)
Andris Hamrefredag 19. sep. 2014 07:23

Søndag 26. oktober er det duka for ei stjernespekka musikalsk oppleving i Oseana når Os musikkforening tar med seg eit knippe av lokale musikarar frå Osbygda.

– Det er så mange dyktige musikalske talent i denne bygda. Vi hadde lyst til å bakka dei opp og samla dei til ein felleskonsert. Derfor er vi utruleg glade for at det passa for alle og at dei hadde lyst til å vera med. Vi skulle gjerne ha vist fram endå fleire, men det var ikkje praktisk mogleg, seier Marit Aasheim Valle i musikkforeininga.

Stiller seg sjølv i bakgrunnen

Sjølv om det er Os Musikkforening som står bak konserten, så tar dei sjølv berre ei lita rolle.

– Vi har samarbeidd med nokre av desse musikarane før, andre av dei er nye for oss.Vi gler oss veldig. Vår eiga rolle blir ikkje så stor, vi kjem til å spelar saman med fleire av dei, men nokre får scenen åleine.

– På denne konserten skal solistane vera i fokus.

Som supplerande akkompagnement har musikkforeininga fått med seg Anne Leni Søfteland Sæbø og Terje Neset.

– Fortener full sal

Konserten er mellom anna støtta frå dei kommunale KUP-midlane.

– Dette er artistar som kanskje er større utanfor bygda enn dei er lokalt. Derfor er det så veldig stas å no kunna samla dei. Normalt vil ein konsert med så dyktige artistar føra til høge billettprisar, men vi bruker KUP-midlar til å subsidiera prisen sånn at fleire har råd til å koma.

– For oss handlar det ikkje om å tena penger, men å gje talenta ein fullsett Oseanasal. Det fortener dei verkeleg, meiner Valle.

Svært variert

Valle lover ein veldig variert konsert.

– Musikarane vi har med oss er veldig forskjellige og opererer til vanleg i kvar sine ulike sjangrar. Men felles for dei alle er at dei er utruleg dyktige på sine område.

Dette er solistane:

Slik omtalar musikkforeninga artistane dei har fått med seg:

Marius Neset (1985)
Eit av de største norske saksofontalent sidan Jan Garbarek dukka opp på 60-talet! Marius er allereie ei internasjonal stjerne og har oppnådd stor suksess med sine album Golden Xplosion, Birds og Lion! Marius Neset er eit stort namn både her heime og i det internasjonale jazzmiljøet, og han er nominert og tildelt ei rekke prestisjefylte prisar. Som musikar og komponist blir Marius omtalt som leiken og humørfylt, med rocka, men tenksam villskap, ja rett og slett noko for seg sjølv! Marius har mastergrad frå Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København med topp score i alle fag! Han har spelt konsertar i meir enn 20 land dei to siste åra. Dette stjerneskotet kjem altså her til oss 26. oktober 2014! Ein unik sjanse du ikkje bør la gå frå deg!

Aurora Aksnes (1996)
Det raskast veksande musikalske stjerneskotet frå Os i 2014! Aurora er den alle snakkar om for tida og ho blir sett på som eit sensasjonelt talent! Aurora hadde sitt gjennombrot i 2014 etter omtale frå Bylarm, etter at ho i desember 201 blei Ukas Urørt-artist på NRK P3. Store festivalar og arrangørar står i kø for å få Aurora med på sine arrangement, og no har også arrangørar i utlandet fått augene opp Aurora! Musikken hennar blir omtalt som «praktfull og kraftfull optimistisk soulpop», og ho blir samanlikna med blant andre Susanne Sundfør og Lykke Li! Låta «Awakening» har du nok høyrt spelt på radio og Aurora jobbar denne hausten med sitt første album!

Gina Aspenes (1976)
Vinnar av Spelemann i kategorien Blues 2013! Gina, med si vakre og sjelfulle stemme, kom med debutalbumet Inertia i 2013, og blei med det løna med Spelemannspris i kategorien blues! Tittelen Inertia er inspirert av Newtons første lov, som seier ting er som dei er i kraft av seg sjølv. Gina har vakse opp i ein familie med musikken i sentrum, og ho har glitra på Os sin stjernehimmel lenge. No har og resten av Noreg fått augene opp for Gina! I sommar har ho sunge på store festivalar, blant anna på Osfest og Notodden Bluesfestival, med stor suksess! Gina er omtalt som eit funn og ei stemme for framtida! Vi gler oss!

Ingrid Neset (1992)
Eit stort fløytetalent med en veksande internasjonal karriere! Ingrid Søfteland Neset er ein prisløna fløytist. Som 16-åring vann hun ungdomens musikkmeisterskap, og ho blei kåra til årets musikar same år. 17 år gamal kom Ingrid inn på Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København, hos Toke Lund Christiansen. Der tok Ingrid Bachelor i 2013 og master året etter, begge med topp score. Ho går no i solistklassen hos solofløytist Ulla Miilmann, der ho debuterer hausten 2016. Ingrid fekk Statkrafts «Young Star» pris 2013. I november skal hol til Geneve som den einaste norske deltakar i ein av verdas største internasjonale fløytekonkurransar «Concours de Geneve». Ingrid har medverka på albumet til storebror Marius, Birds, som ga følgjande kritikk frå NRK’s Erling Wicklund: Marius utfordrar og vert utforda av si fløytespelande søster Ingrid Neset i den mest fingerbrekkande vårdans sidan Stravinskys hundreårsjubilerande Våroffer! Ingrid har ein fyldig og varm gullklang, og framføringa er fylt med energi, musikalitet og kvalitet!

Tore Hodneland (1995)
Gitartalent med Oppmuntringsstipend!Tore har spelt gitar sidan han var 6 år og interesserte seg tidleg for jazz. Han har etter kvart markert seg som ein dyktig gitarist i regionen. Tore spelte i Bergen Ungdomsstorband frå han var 13 til 18 år, og har vore med i Griegakademiets satsing «Griegakademiets Unge Talenter» frå han var 14 til 19 år. Dette har gjeve Tore ei svært stor speleerfaring. Blant mange høgdepunkt kan nemnast 4 konsertar med Bergen Filharmoniske Orkester 14 år gammal, Berklee sommarkurs, konsertar med Nattjazz, Vossajazz, Ballejazz med fleire. Tore studerer no jazz ved Sund Følkehøgskole i Trondheim.

Mariann Herheim (1992)
Klarinett-talent med Drømmestipend! Mariann er eit stort klarinettalent og har studert musikk i fleire år, sist ved Musikkonservatoriet i Stavanger. Ho har hatt Masterclass med den verdskjende svenske klarinettvirtuosen Martin Fröst. I 2012 blei Mariann tildelt Drømmestipendet. I sommar var Mariann med Ungdomssymfonikarane. Mariann har sitt hovudfokus på kammermusikk, og har eit stort ønske om å kunne leva av å vera musikar.

Denne saka er òg publisert i Midtsiden si papirutgåve.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.