Lokal | 14. nov. 2011

Sto ikkje lenge

Fotgjengerskiltet i kyrkjekrysset blei køyrd ned natt til måndag.

Sto ikkje lenge
Andris Hamremåndag 14. nov. 2011 08:45

Den siste veka har det kome opp mange nye skilt i Os sentrum og osingane er i ferd med å få ein ny kvardag å forhalde seg til med stoppforbod, parkeringsbestemmelsar av forskjellig lengde og nye merkingar av vegbanen.

Eit av dei svært positive nyvinningane er fotgjengarfelt med tilhøyrande skilt ved krysset mellom Landboden og Giskavollen kor mange elevar ved Os barne- og ungdomsskule har sin daglege skuleveg.

Då midtsiden.no passerte måndag morgon låg skiltet i bakken tydeleg prega av møte med ein (raud?) bil. Oppetter heile skiltstolpen var det tydlege spor etter bilen. Bilen hadde truleg kome ned Giskavollen.

Påkøyringa har truleg skjedd sundag kveld/natt til måndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.