Lokal | 17. mai 2012

Stødig dag på Kyrkjeflaten

VIDEO, 17. mai på Osøyro: Lars Atle Skorpen heldt ein verdig tale med ein delvis blodig bodskap, Daniel Knudsen spelte Jimi Hendrix-låt bak nakken og med tenna (heldigvis ikkje på same stund).

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. mai 2012 20:53

Bildeserie:

Jonny Haugland. (Foto: KVB)
Jonny Haugland. (Foto: KVB)
Ja vi elsker og Ossongen høyrer med. (Foto: KVB)
Ja vi elsker og Ossongen høyrer med. (Foto: KVB)
Opningstale ved elevar frå 7. klasse på Os skule. (Foto: KVB)
Opningstale ved elevar frå 7. klasse på Os skule. (Foto: KVB)
Enkelte var meir varsam med elektronikken enn andre. (Foto: KVB)
Enkelte var meir varsam med elektronikken enn andre. (Foto: KVB)
Song ved elevar i 1. klasse ved Os skule. (Foto: KVB)
Song ved elevar i 1. klasse ved Os skule. (Foto: KVB)
Tett tak og litt tynt i rekkene. (Foto: KVB)
Tett tak og litt tynt i rekkene. (Foto: KVB)
Dagens hovudtalar; Lars Atle Skorpen. (Foto: KVB)
Dagens hovudtalar; Lars Atle Skorpen. (Foto: KVB)
Band frå Join Us song Jimi Hendrix. (Foto: KVB)
Band frå Join Us song Jimi Hendrix. (Foto: KVB)
Så kom konfebandet. (Foto: KVB)
Så kom konfebandet. (Foto: KVB)
Tale ved russepresident Håvard Grøteide. (Foto: KVB)
Tale ved russepresident Håvard Grøteide. (Foto: KVB)
1 av 10

Feiringa av grunnlovsdagen er over for mange, og dei som fekk med seg dagens talar og underhaldning på Kyrkjeflaten i Os sentrum sit kanskje igjen med vilje til å gje blod - eller vilje til å bli flinkare på gitar?

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN (Og sjå relaterte saker i høgre marg for fleire bildeseriar og videoar frå feiringa i dag).

For dagens hovudtalar, Lars Atle Skorpen (Ap), snakka nettopp om blod. Først om blodig alvor, om den meiningslaust høge prisen enkelte dessverre har måtta betala for at vi skal kunna leva etter dei verdiane og det systemet vi gjer i Noreg.

Skorpen sikta til "ubedne gjestar" 9. april 1940 og "ein ubeden gjest" 22. juli i fjor, folk som sto og står for "andre verdiar enn oss".

– Men vi har vist at vi reiser oss og vi har vist at vi bryr oss om kvarandre.

Bokstavleg talt

Så kom Skorpen innom ei anna alvorleg sak, den handla bokstavleg talt om blod.

– I dag har Noreg bursdag, og vil du gje nasjonen di ei gåve kan du yta litt for andre som treng det eller bokstavleg talt gje litt av det sjølv. Noreg er dårlegast i Europa på det å gje blod, er ikkje det litt pinleg? Ein fin måte å gje noko til Noreg på er å bli blodgjevar, meld deg inn allereie i morgon, oppfordra Lars Atle Skorpen.

Tøff musikk og livleg russ

Blant andre bidrag frå scenen var opningstale og song ved elevar frå Os skule, musikk ved band frå Join Us og årets konfirmantar og tale ved russepresident på Os Gymnas, Håvard Grøteide.

– Eg ser dei har blanda saman nokre namn i 17. maikomiteen, sidan det i programmet står at Harald, ikkje Håvard, som eg heiter, skal halda tale i dag. Eg forstår at det er lett å blanda KONGE og PRESIDENT, sa Grøteide til stormande jubel hos resten av russen.

Bandet frå Join Us spelte Jimi Hendrix-låta Hey Joe, konfirmantbandet spelte låta Always on the run (My mama said), ei låt av ein musikar i same sjanger som Hendrix, Lenny Kravitz, som kjem til Bergen i juni.

På låta Hey Joe stakk Daniel Knudsen seg fram med glitrande gitarspel og dristige triks, med speling på nakken og med tenna, heldigvis ikkje på same tid ...

VIDEO (04:29): Frå innslaga på Kyrkjeflaten under dagens 17. maifeiring på Osøyro. (Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.