Stolt av programmet
Skrivekurs, bokbad, høgtlesing og konsertar: I morgon startar Os' første litteraturfestival.
I morgon ser WT Litteraturfestival dagens lys. Trioen som i si tid starta filmfestivalen i Os, Vidar Bratlund Mæland, Frode Sirevåg og Kjetil Fossåskaret, synes programmet har fått minst like god form som dei hadde håpa på.
– Noko var definert på førehand, andre element har dukka opp undervegs. Men det er ikkje sånn at det har vore minste motstands veg, seier Fossåskaret.
God kontakt med etablerte forfattarar som Gunnar Staalesen og, mor til Vidar, Bente Bratlund, har naturlegvis vore til hjelp. Men arrangørane har også måtta stå litt på for å få alle brikker på plass.
– God breidde
Litteraturfestivalen opnar i Oseana torsdag klokka 12.50 og held fram med program kvar dag og kveld til og med galla med prisutdeling og konsert med ORBO & The Longshots laurdag kveld.
Programmet omfattar høgtlesing, bokbad med krimpanel og skrivekurs for både ungdom og vaksne.
Her kan du sjå heile programmet.
Framsyningar som utselte "Egners univers" fredag og ein unik konsert der Frode Gryttens Beat Band for første gong møter Gunnar Staalesens Vargtime fredag kveld er, ved sidan av gallaen, blant det som truleg får mest publikum.
– Vi har barnehageframsyningar og arrangement for vaksne. Vi føler vi har fått god breidde både i innhald og målgruppe, seier Sirevåg.
1 av 6
– Vi er spente på mottakinga, men vi er også opptatt av korleis forfattarane opplever det å vera på WT Litteraturfestival.
Festivalen vår er blant seks litteraturfestivalar i Noreg som Dagbladet ramsa opp i ei liste over litteraturfestivalar som er verdt å få med seg i år.
Fantasi i gamlestova
Arrangørane har også fått låna gamlestova til innslag om viking- og fantasy-litteratur.
– Den tar berre rundt 40 gjestar, så her blir det nok fullt.
Nokre av arrangementa er gratis, andre er det billettsal til.
Bokkveld del av programmet
Første festivaldag, torsdag kveld, er den etablerte og populære bokkvelden i Solbakkestova, som i år er inkludert i festivalprogrammet.
Her blir blant anna årets utgåve av mållaget sin Osingen presentert.
Jørgen Jæger, Monica Nordland Yndestad, Hans Sandeog Bente Bratlund er forfattarane på programmet denne kvelden.