Stolt Størksen på opning av «ny» butikk
– Den framstår som ny, meiner Rema-veteran Anders Størksen etter nesten to veker med ombygging.
Bildeserie:
Laurdag 12. januar annonserte dei halv pris på meierivarer og kjøtt. Hyllene blei tømte og omsetnaden var tredobla og best i landet hos kjeda den dagen. Så stengde dei butikken for å pussa opp.
– I utgangspunktet har vi berre skifta kjøl, men store delar av butikken er endra. No framstår den som ny, synest Anders Størksen.
Han har jobba i 15 år for kjøpmann Trond Hope og kona Ingunn.
– Ferskvare og kjøl utgjer nesten halve arealet, og rundt 75 prosent av butikken har vore berørt. Det kostar både i utstyr, arbeid og i tapt omsetnad i nesten to veker, men vi investerer for framtida, seier Trond Hope.
– Det var naudsynt å stenga. Krava er strenge, og det har vore ein omfattande jobb med sveising og oppkopling av systema som styrer kjøl og frys.
Breiare, kortare og lysare
Det sto kø utanfor døra då dørene opna igjen klokka 10 i dag. Butikken er dekorert med ballongar og serverer opningstilbod, kake og kaffi.
– Butikken framstår kanskje som større, men det er nok på grunn av breiare gater langs kjøtt og ost, og langt betre belysning, samtidig som melkekjølen er utvida og plassert i motsett kort-ende, seier Ingunn.
Ho står ved kakebordet og tar imot spontan-skryt frå kundane, som tydelegvis ser stor forskjell.
Kortveggen er flytta seks meter nærmare for å gi plass til kjøl og lager bak heile den utvida mjøkekjølen. Samtidig har det blitt betre plass på fryserom og ulike bakrom så dei tilsette får ein meir effektiv arbeidsdag. Det er òg gjort førebuingar til opning av søndagsbutikk i komande tilbygg.
– Korleis var innspurten før opning?
– Vi har hatt full kontroll heile vegen. I går var det prising og pynting, vi kunne gå heim i 20-21-tida, fortel ekteparet Hope.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.