Lokal | 16. sep. 2020

Stoppa bilist utan lappen - og 15 fartssyndarar

Politiet stoppa éin som er mistenkt for ruskøyring, UP stoppa 15 på Halhjemsvegen.

Stoppa bilist utan lappen - og 15 fartssyndarar
UP sto i går ved Halhjem Kafé og sjekka farten på bilar på veg i 50-sona mot ferjekaien. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. sep. 2020 07:31

Tysdag formiddag, frå klokka 10.05, hadde utrykningspolitiet fartskontroll på Halhjemsvegen.

UP sto ved Halhjem Kafé og konrollerte trafikken retning sør, mot ferjekaien, rett etter at fartsgrensa er redusert frå 70 til 50 km/t.

– Det blei skrive heile 15 forenkla forelegg. Høgaste fart blei målt til 72 km/t, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

72 km/t i 50-sona kvalifiserer for heile 8.500 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Køyrde utan førarkort - mistenkt for ruskøyring

Tysdag ettermiddag, klokka 16.27, stoppa politiet ein bil på Byvegen.

– Bilførar har ikkje førarkort. Han er dessutan mistenkt for køyring i rusa tilstand, og blei tatt med for blodprøvetaking.

Mistenkte, ein mann i midten av 30-åra, er frå ein annan kommune enn Bjørnafjorden. Han er tidlegare dømt for køyring i rus.

Det blei ikkje tatt beslag i skilt eller bil.

Røykutvikling i elbil

Klokka 17.28 i går kom det melding om mogleg bilbrann nær Ulven leir.

– Det kom røyk ut av dashbordet på ein elbil. Kvinna som køyrde bilen kom seg ut. Hoblei tatt til legevakt for sjekk, men hadde hedigvis ikkje pusta inn mykje røyk.

Vegen var stengt ei stund.

Brannvesenet var raskt på staden, og det blei ikkje opne flammar å sløkkja.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.