Lokal | 22. jan. 2021
Stoppa to bilistar i natt
Begge fekk forelegg og prikkar på førarkortet.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. jan. 2021 08:01
Politiet har hatt fartsmåling på to bilistar natt til fredag.
– I 01-tida målte vi ein bil til 62 km/t på Lepsøyvegen, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Vedkomande, ein mann i 30-åra, fekk to prikkar på førarkortet og 4050 kroner i forelegg.
– I 02-tida målte patruljen ein bil til 77 km/t i ei 60-sone på E39 Byvegen på Søfteland.
Bilførar, ein mann i 20-åra, fekk tre prikkar på førarkortet og eit forelegg på 5850 kroner.
Begge vedtok forelegga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.