Lokal | 23. jan. 2020

Stoppa ikkje her - fekk saftig bot

Tre sjåførar fekk svi: Feilparkering på Halhjem, prating i mobil på Os og passering av stoppskilt.

Stoppa ikkje her - fekk saftig bot
Ein bilist som ikkje hadde full stopp her, fekk 6800 i forelegg og tre prikkar på førarkortet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. jan. 2020 08:19

Onsdag skreiv Bjørnafjorden lensmannskontor ut tre gebyr og forelegg i Os.

Klokka 15.20 stoppa dei ei kvinne i slutten av 40-åra som snakka i handhalden mobil mens ho køyrde bil. Ho fekk eit forelegg på 1700 kroner.

– Vi fekk melding om ein bil som i to dagar har stått parkert delvis på eit fortau. Eigar er ei kvinne frå ein annan kommune, vi la eit gebyr på frontruta, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

I 19.45-tida låg ein patrulje bak ein bil på Lepsøyvegen. I krysset med Halhjemsvegen stoppa ikkje bilen heilt opp ved stoppskiltet, eit regelbrot som blir straffa hardt.

Vegvesenet skriv dette om skil 204 Stopp: Skiltet angir at kjørende skal stanse helt før kjøring inn på kryssende vei eller før kryssing av planovergang, og at den kjørende har vikeplikt for kjørende trafikk i begge retninger på kryssende vei eller at den kjørende skal gi fri vei for sporvogn og jernbanetog på kryssende planovergang. Stansen skal skje foran og inntil stopplinje, eller dersom stopplinje mangler, så nær den kryssende vei som mulig.

Vedkomande, ein mann i slutten av 30-åra, fekk 6.800 kroner i foreleg og tre prikkar på førarkortet.

I tillegg fekk han pålegg om å utbetra feil på lys på bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.