Lokal | 23. jan. 2010

Stoppa lastebil-bølle

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. jan. 2010 07:32

Starten på helga har vore roleg for politiet i Os.

I 21.30-tida var dei ute på melding om bråk i ein bustad.

- Det var mykje skrik og skrål, men roa seg etter at patruljen kom, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Tidlegare på kvelden, klokka 17.45, kom melding om uvettig kjøring. Ein trailersjåfør på veg sørover mot Os skal ha kjørt tett opp i hekken og blinka med lysa på bilane framfor.

- Vi rykte ut og venta på han på Søfteland. Då vi stoppa han så meinte han at det hadde vore motsett, altså uvettig kjøring av personbilane. Men han beklagde samstundes eigen åtferd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.