Stoppa med promille på Kuventræ
Det blei likevel ikkje tatt beslag i førarkortet.


I 02-tida natt til søndag blei ein bilist stoppa på Kuventræ, mistenkt for promillekøyring.
– Det gav utslag på alkometer, men utslaget var svakt, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
– Vedkomande blei tatt med for blodprøvetaking, men vi mistenker lågpromille og at den var på veg ned.
Det blei ikkje tatt beslag i førarkortet til bilførar, ein mann i 40-åra busett i Bergen.
Smittevernvenleg 18-årsdag?
Fredag kveld fekk politiet melding om høg musikk og høge rop frå fest, ein fest som politiet ville undersøka om var i tråd med smittevernreglane.
I skrivande stund er det maks 5 på besøk, 10 i leigd lokale og 20 utandørs som gjeld.
– Her var det 12 personar i huset, men desse var delte i to, med éi grupe ute og éi inne. Foreldre var heime for å ha kontroll.
– Dei fekk halda fram bursdagsfesten, men med pålegg om å halda lydnivået nede, spesielt dei som sat ute.
Fekk 8000 i gebyr for dårlege dekk
Statens vegvesen hadde kontroll på E39 Byvegen ved Hjellemarka søndag kveld.
Tre tunge køyretøy blei kontrollert, eitt av dei hadde fire dårlege dekk og fekk i alt 8000 kroner i gebyr.
I tillegg blei det delt ut bruksforbod grunna feil med svingskive, skriv vegvesenet i sin rapport.
- Natt til søndag: Funnen på utrygg is etter slåstkamp i sentrum