Lokal | 30. des. 2009

Stoppa øltjuv

Han ville ha i pose og sekk, men fekk ingenting gratis, mannen som prøvde seg på Rema 1000 onsdag kveld.

Stoppa øltjuv
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. des. 2009 22:25

Ein mann i midten av 20-åra blei onsdag kveld tatt på fersken då han prøvde å stela øl på Rema 1000 Kuvenstasjon.

- Vi fekk melding klokka 18.05 og rykte ut og tok mistenkte med oss, seier operasjonsleiar Bjarne Flokenes i Hordaland politidistrikt.

Ifølgje vitne Midtsiden.no har snakka med, fylte mannen ein ryggsekk og ein pose med øl før han gjekk til kassen for å betala for ei vare som kosta langt mindre enn drikkevarene.

Då tilsette spurte kva han hadde i sekken påstod han at han hadde kjøpt ølet i ein annan butikk. Han blei ikkje trudd.

- Han sa at butikken ikkje hadde den typen øl han hadde i sekken, men det var snakk om 3-4 sekspakningar med vanleg Hansa-øl. Dessutan hadde andre kundar sett at han fylte sekken medan han var i butikken, fortel vitnet.

Han skal dessutan vera utestengt frå butikken grunna tidlegare forsøk på å stela.
Mistenkte blei dimittert etter avhøyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.