Lokal | 31. mai 2010

Stoppa på Nesttun

Laurdag blei ein butikktjuv tatt på AMFI Os, fredag blei fem utlendingar med gamal synd i Os stoppa på Nesttun.

Stoppa på Nesttun
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. mai 2010 08:22

Fredag i 10-tida blei ein bil med fem rumenarar stoppa på Nesttun.

- Dei er mistenkt for å ha stukke frå bensinrekninga på ein stasjon på Os nokre dagar tidlegare, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Dei fem er plassert i arresten og kan bli framstilt for varetektsfengsling. Politiet undersøkjer om dei kan vera involvert i andre lovbrot, blant anna ulovleg pengeinnsamling.

Nasking og urinering
Laurdag fekk politiet melding frå vektar ved AMFI Os. Vakten hadde tatt ein person for nasking.

Natt til sundag, i 3.30-tida, blei ein person tatt for urinering på offentleg stad.

- Vedkomande blir meldt og får seg nok eit forelegg. Det er dyre dropar, men slik må det også vera. Vi kan ikkje ha det sånn at folk slepp i frå seg kvar som helst, det er grisete, og det er noko vi slår hardt ned på, seier Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.